Det private var politisk – den gong

Publisert i Dag og Tid, 27. august 2010

Brevveksling kastar nytt lys over opphavet til RAF og den tyske venstreterrorismen. 

Gudrun Ensslin, Bernward Vesper: „Notstandsgesetze von Deiner Hand”. Briefe 1968/1969. Edition Suhrkamp, 2009.

Gudrun Ensslin, Bernward Vesper: „Notstandsgesetze von Deiner Hand”. Briefe 1968/1969. Edition Suhrkamp, 2009.

”Vi er omsynslause mot oss sjølve og … vi kjem til å vere like kalde mot alle andre”, skriv Gudrun Ensslin i eit brev til Andreas Baader i august 1968. Brevet er eit av fleire i ein omfattande korrespondanse mellom Gudrun Ensslin, Bernward Vesper og Andreas Baader i åra 1968-69. Brevvekslinga vart gjenfunne i 2003-04, og er no publisert som bok av det kjende tyske kvalitetsforlaget Suhrkamp Verlag. Ensslin og Baader grunnla seinare den tyske terrororganisasjonen Rote Armee Fraktion (RAF) og sto etterkvart fram som rørsla sitt suverene førstepar. Breva mellom dei tre gjev eit viktig bidrag til forståinga av opphavet til RAF og den tyske venstreterrorismen. RAF eksisterte frå 1970 til 1998 og etterlét seg 67 døde, 230 skadde, materielle øydeleggingar for om lag 2 milliardar kr. og 11 mill. sider med etterforskingsdokument. Fenomenet er handsama i ei rad bøker, utstillingar og filmar – mellom anna i filmen ”Der Baader Meinhof Komplex” som også gjekk på norske kinoar.

I byrjinga av april 1968 vert to varehus i Frankfurt sette i brann. Brannstiftinga er ein solidaritetsaksjon med ”Vietnam sine napalmforbrende born” og ein protest mot ”seinkapitalismen sitt framandgjerande massekonsum”. Dei mest prominente gjerningsmennene er nettopp Ensslin og Baader. Brannstiftarane går etter få dagar i politiet si felle. Frå si fengselscelle i Frankfurt held Ensslin oppe ein vidfemnande korrespondanse både med sin nye loverboy Andreas og med sin trulova, forfattaren og forleggaren Bernward Vesper. Denne har i mellomtida teke omsut for deira 1-årige son Felix. Brevvekslinga gjev eit oppskakande innsyn i kampen om lagnaden til eit lite born og i foreldra sin bitre strid om sitt stranda forhold, men den kaster og lys over det politisk-mytiske universet til den nye revolterande generasjonen.

For dei nye opprørarane var foreldregenerasjonen politisk korrumpert og psykisk forderva. Sentralt i den politiske kampen sto difor dei ”borgarlege maktstrukturane” i privatsfæra. Det private har vorte politisk. Denne nye sjargongen av politisert ”psykotalk” pregar også Gudrun og Bernward sin brevprosa. I sentrum står Felix. Gudrun ber om foto og skildringar av guten si utvikling. Aleinefaren Bernward, no og då nær samanbrot i si trippelrolle som far, forleggar og revolusjonær, leverer som tinga. I retur kjem sjølvstrikka genserar og utmalande vedkjenningar om lengt og kjærleik. Ein heil armada av tenkjarar, ikkje minst Freud, vert nytta som sanningsvitne i skuldingane om  politisk og personleg svikt som dei to rettar mot kvarandre. Bernward og Gudrun i er samde i at Felix ”..skal få sleppe det dei to har måtta tole, nemleg helvetet i den fascistiske storfamilien.” Spørsmåla er likevel: kven skal ta seg av bornet når Gudrun kjem ut av fengselet, kven er mest eigna til å gi han ei ikkje-borgarleg oppseding, bør han kanskje vakse opp i ein av dei nye antiautoritære ”kommunane” ?

Når Ensslin vert sett fri sommaren 1969, forlet ho sonen og kastar seg ut i sitt nye revolusjonære liv. Dermed fylgjer ho ein liknande veg som den tredje store leiarstjerna i det komande RAF, Ulrike Meinhof, som etter grunnlegginga av RAF i mai 1970 vel å gi frå seg tvillingdøtrene sine. Felix ser aldri mora si igjen. Etter noko fram og tilbake kapitulerer også Bernward, og Felix hamnar hos ein ”borgarleg” adoptivfamilie. Vesper legg ut på ei 2-årig reise i dop, sex og ”reichiansk sjølverkjenning”, kor ikkje minst oppgjeret med den dominerande, men samtidig beundra faren, Nazi-diktaren Will Vesper, spelar ei viktig rolle. Vespers helvetestripp, skildra i det posthumt utgjevne romanfragmentet ”Die Reise”, ender opp i galskap og til slutt sjølvmord våren 1971. Boka vert i dag sett på som ei av dei viktigaste kjeldene til forståinga av den generasjon som skulle kome til å dominere Tyskland sitt terrorprega ”raude tiår” 1967-77.

Mange av elementa i den seinare RAF-ideologien kan ein finne i kimform i brevvekslinga mellom Ensslin og Vesper. Tydeleg er mellom anna Ennslins nærast eksistensielle heroisme – ei tenkjing på liv og død i ”anten-eller”-kategoriar. Påverknaden frå oppveksten i ein lutheransk pastorfamilie er  vanskeleg å sjå bort frå. Ein kan òg spore den heilt særeigne språkstilen – eksaltert og oppstylta i eit virvar av uthevingar og kryptiske forkortingar – som 6-8 år seinare kjem til å nå sitt høgdepunkt i Stammheimfengselet sine endelause prosastraumar. Samstundes har breva ei sårheit som rører ved ein. Tonen er djupt romantisk: ei lengsle etter oppheving av alle motsetningar – mellom det inderlege og det kollektive, mellom nyting og overtyding, mellom ”eg” og ”vi”.

Eit interessant drag ved brevvekslinga er at den syner oss ei Ensslin som våren 1969 enno ikkje er totalt gjennomsyra av fanatisme og iskald viljeskraft  – ei mor som plagast av tvil og smerte av tanken om å måtte gi frå seg sonen sin. Tyske kommentatorar har peikt på nettopp dette som den viktigaste nye innsikta ved brevvekslinga. Kanskje var handlingsrommet likevel ikkje så lukka som ein til no har trudd? Kva om Gudrun sommaren 1969 hadde valt å gå inn i rolla som mor for Felix framfor undergrunnslivet med Andreas Baader? Andreas var på mange måtar Gudrun sin eigen skapning, utan ”Grete” ingen ”Hans” (intern RAF-sjargong). Hadde vi fått det RAF vi i dag kjenner utan Baader og Ensslin, hadde terrorismen på 70-og 80-tallet kunne teke ei anna og ”mildare” retning?

Mykje innsikt kan hentast ut av nemnde innleiande brev frå Ensslin til Baader frå august 1968. I si blanding av seksuell lengsle, vald og dødsdrift peiker dette fram mot slagordet ”Waffe Mensch“, som seinare skulle følgje så mange av RAF sine  aksjonar. ”Åh, eit sverdhogg, ei kule som treff målet, må være mindre verd enn det eg kjenner når eg tenkjer på nærleiken til deg.“ I ei blanding av masochistisk lengt og nasegrus tilbeding av Andreas sin ”vilje til praksis” vert alle  hemningar borte. „Helvete YES! Andreas, praksis, du seier det!”. Her kan ein spore den same forma for romantisk grenseløyse som Isaiah Berlin har beskrive som eit særtrekk ved den tyske nazismen – romantikken sin pervertering til hat.  For Berlin ligg det fatale i omskapinga av det det romantiske eg til eit romantisk vi. Kan ein sjå ei line frå det grenselause (men enno harmlause) ”Ich” hjå ungromantikarane i Jena på byrjinga av 1800-talet til det krigsbegeistra tyske ”Wir” før utbrotet av 1. verdskrig, og vert denne ånda vidareført av dei marsjerande NS-studentane i 1933 og av 70-tallets kompromisslause gatekjemparar og terroristar? Ser ein den same ”tyske furoren” i 1933 og 1968, slik mellom anna historikaren Götz Ali hevdar i si bok ”Unser Kampf” frå 2007?

Gudrun Ensslin tok sitt eige liv i Stammheimfengslet hausten 1977. Sonen Felix fekk mykje merksemd som kurator for den store RAF-utstillinga i Berlin i 2005, og vart nyleg utnemnd som professor i kunstteori ved Kunstakademiet i Stuttgart. I eit klokt og personleg etterord skildrar han korleis lesinga av breva har hjelpt han med å forlike seg med si eiga historie. Samstundes er han nådelaus mot dei mange velviljuge stemmene frå oppveksten hans som prøvde å gi trøyst ved å gjere mora til ein positiv identifikasjonsfigur, ein kjempande revolusjonær som berre ville at ”verda skulle bli ein betre stad for alle born”. Ei slik oppvurdering av det ålmenne framfor det særeigne – han, bornet – løyner den absolutte vegringa som låg bak foreldra sine val. Lesinga av breva fyller han difor også med sinne. ”Kor overspent! Kor hjelpelaust! Kor fortvilt og brutalt mot seg sjølve, meg og andre.”

RAF etterlét seg fleire sår enn det tapstalla aleine tyder. Berre 1-2 tidligare RAF-medlemmar sit enno i fengsel, men nye bøker og artiklar med nye vinklar på stoffet kjem stadig ut. Historia fyller ein framleis med gapande undring, og den er på langt nær fortald til ende.

Hva synes du?

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s