Tysklands president – ikkje vald av Forbundsdagen

Publisert i Dag og Tid, 28. september 2012

I ein elles god kommentar om Tysklands nye forbundspresident, Joachim Gauck, (Dag og Tid, 21.september) skriv Bernt Hagtvedt at presidenten er «.. vald av Forbundsdagen», altså av nasjonalforsamlinga «Bundestag» (Stortinget hjå oss). Dette er ikkje rett..

 

Den tyske forbundspresidenten vert vald av eit eige organ, Forbundsforsamlinga (på tysk «Die Bundesversammlung»). Forbundforsamlinga er sett saman av alle representantane i nasjonalforsamlinga («Bundestag») og ei like stor mengd valmenn utpeikt av delstatsparlamenta i Tysklands 16 delstatar. Valmennene er ofte sjølve medlemmer av delstatsparlamenta, men dei kan òg vera personlegdomar utanfor politikken.

Ved det siste valet på president i mars 2012 hadde forbundsforsamlinga 1228 medlemmar, og av desse stemde ca. 80 % på Gauck. At prosedyren i grunnlova for val av forbundspresidenten gjev like mykje makt til delstatane som til nasjonalforsamlinga, speglar den sterke føderative karakteren til den tyske forbundsrepublikken.

Samanlikninga med den norske Stortingspresidenten er ikkje heilt god. Den tyske nasjonalforsamlinga har sin eigen president, for tida Norbert Lammert (CDU), som er Dag Terje Andersen sin kollega. Om ein skulle samanlikne rolla til den tyske forbundspresidenten med nokon i Noreg, er det kanskje meir treffande å peike på kong Harald, eller kanskje særleg på ein kronprins Haakon Magnus i si rolle som (forsiktig) rettleiar i spørsmål som gjeld verdiar og samfunnsmoral.

Tyskland har stundom debattert om ikkje presidenten burde vore vald av folket i direkte val, men dette synet har til no ikkje vunne fram. Ein av grunnane kan vere at presidentembetet har for lite makt. Ein historisk grunngjeven skepsis mot folkeavstemmingar kan òg ha spela ei rolle.

Hva synes du?

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s